Onsdag 3. april kom nyhenda fra helseminister Ingvild Kjerkol om at dei legger opp til ein utviding av dagens abortlov, med ein dramatisk utvidelse av abortgrensa fra 12 til 18 veker.

Dagens medisinske utvikling gjer at vi kan redde tidlegfødte born på eit tidlegare tidspunkt enn før, faktisk heilt ned til veke 22, og i nokre andre land har dei gjort dette ned til veke 21.

Buskerud KrF seier med dette klart nei til ei utviding av abortlova. Dette er etter vårt syn ei alvorleg svekking av samfunnets vern om det ufødte barnet. I dag har det ufødte barn eit gradert rettsvern som aukar med svangerskapets lengde.

Flere debattinnlegg og kronikker

Grensa for fri abort går i dag ved veke 12 og at etter dette seier lova at ein kan ta abort på visse vilkår. Det er da ei såkalt nemnd som består av to oppnevnte legar som avgjer om vilkåra er oppfylt. At det finnast kriterier som blir vurdert av fagpersonar viser at det ufødte barnet har verdi og rett til beskyttelse. Nemdene skal og vere støttespelar for dei gravide i ei vanskeleg tid kor det er vanskelege valg å ta når abort blir aktuelt seint i svangerskapet.

Fjernar ein desse nemdene fjernar ein og samfunnets ordning for fosterets beskyttelse. Ved ei fjerning av nemnda vil ein og få mindre tilgang på hjelp gjennom rådgivning, støtte og faglege råd.

Etter KrF sitt syn er dette ikkje ein riktig veg å gå. Vi må derimot styrke og sikre fagleg og mellommenneskeleg rundt gravide i ei vanskeleg tid, ikkje fjerne den slik som regjeringa vil. Ei utviding av abortgrensa vil føre til ei radikal endring som vil svekke vernet til det ufødte liv. Det setter og menneskeverdet under større press.

KrF vil kjempe imot ein slik utviding og at fleire står saman med oss i denne kampen og styrkar verdien til det ufødte liv.

Nyheter fra Drammens Tidende